07 Aug, 2019

Anleggsmaskinmekaniker for Norsk Stein AS

  • Norsk Stein AS

Stillingsbeskrivelse

Norsk Stein AS

Jelsavegen 512
4234 JELSA
Telefon: +47 52 79 29 00
Web: https://www.finn.no/recruitment/hired/frontend/applynow/input.action?adId=153082036

Norsk Stein AS, avd. Jelsa, har Europas største anlegg for produksjon av tilslag til asfalt og betong, vegbygging og offshorekonstruksjonar. Me er lokalisert i Suldal kommune, er 187 tilsette og 12 lærlingar, og har ein årsproduksjon på ca. 12 mill. tonn. Sjå: http://www.mibau-stema.com

Anleggsmaskinmekaniker

Ønskjer du ein spennande og lærerik arbeidsplass i Europas største pukkverk?

Då er du velkommen til å søkje stilling i vår bedrift som

Anleggsmaskinmekanikar

Vedlikehaldsavdelinga består av 40 personer som har god fagkompetanse på mekanisk arbeid, både faste installasjonar og rullande maskiner. Du skal vera mekanikar under rullande maskiner.

Arbeidsoppgåver:

· Førebyggande vedlikehald, feilsøking og reparasjon av anleggsmaskiner frå 0,5 tonn til 120 tonn.

· Mindre reparasjonssveising av anleggsutstyr.

· Betene bedriftas vedlikehaldssystem.

Me ønskjer deg som har erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver frå industri- eller produksjonsbedrifter og som:

  • Er engasjert og strukturert og har gode samarbeids eigenskapar.
  • Har godt humør og god helse
  • Har høgt personlig HMS fokus
  • Har stå på vilje og høg arbeidskapasitet
  • Har fagbrev innan mekaniske fag eller anna relevant utdanning. (fagbrev som anleggsmaskinmekanikar, landbruksmekanikar, bilmekanikar)
  • Har førarkort kl. B
  • Kan norsk, både munnleg og skriftlig.
  • Har auga for vidareutvikling og optimalisering av utstyr.

Opplæring vil bli gitt til motiverte søkjarar som ikkje oppfyller krav til kompetanse og erfaring.

Arbeidstida er primært på dagtid.

Me ønskjer mangfald blant våre tilsett og ønskjer søkjarar uavhengig av kulturell bakgrunn, kjønn og alder.

For rett person kan me tilby ein spennande og variert jobb i eit godt arbeidsmiljø.

Bedrifta har gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP ordning.

Interesserte kan ta kontakt med:

Avdelingsleiar Vedlikehald, Nils Inge Lovra, tlf.: 52 79 29 00

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1134-2019-07-13 (Oppgis ved kontakt med NAV) Kilde: Overført fra PAM annonsemottak
Medium: Finn

Stillingstittel

Anleggsmaskinmekaniker

Navn på Etat/Enhet

Norsk Stein AS