07 Aug, 2019

Undervisningsstilling 100% Osterøy Ungdomsskule for Osterøy ungdomsskole

  • Osterøy ungdomsskole

Stillingsbeskrivelse

Osterøy ungdomsskole

5282 LONEVÅG

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet aukar og har passert 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen.

Undervisningsstilling 100% Osterøy Ungdomsskule

Kort om stillinga


Osterøy ungdomsskule (OUS) har ledig ei lærarstilling frå hausten 2019. Vi er del av Osterøyskulen med Osterøy kommune som ein aktiv og målretta skuleeigar med sterkt fokus på gode læringsmiljø og framtidsretta læring. OUS har omlag 240 elevar og har lange tradisjonar for utviklingsarbeid. Vi har dei seinare åra hatt særleg fokus på karakterredusert undervegsvurdering.

Arbeidsoppgåver


Vi ynskjer oss ein engasjert tydeleg og fagleg dyktig pedagog med samarbeidsevne og endringsvilje som vil vere med på laget vårt. Ta gjerne kontakt for ytterlegare informasjon om fagbehov og andre moment.

Kompetanse


Godkjent utdanning i samsvar med krava i Opplæringslova m/forskrifter.

Personlege eigenskapar


Vi søkjer ein pedagog som
  • ønskjer å medverke til å utvikle gode læringsmiljø
  • er framtidsretta i elevsyn og læringsarbeid
  • er ein tydeleg læringsleiar som byggjer gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
    Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Vi tilbyr


Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Løn etter gjeldande tariffavtale.

Anna


Søkjarlister er offentlege.
Vitnemål og attestar som ikkje er lasta opp elektronisk, vil ikkje bli returnert.
Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Medlemskap i Statens pensjonskasse.
Krav om politiattest j.f.opplæringslova § 10-9.

For meir informasjon, ta gjerne kontakt:
Rektor Tor Arne Aasen, tlf. 56 19 26 80 / 95 18 85 66.

Søknad


Søknad skal sendast elektronisk via rekrutteringssystemet vårt. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med servicekontoret vårt, tlf 56 19 21 00.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1253-2019-07-12 (Oppgis ved kontakt med NAV) Kilde: Overført fra PAM annonsemottak
Medium: Webcrawl

Stillingstittel

Pedagog

Navn på Etat/Enhet

Osterøy ungdomsskole