07 Aug, 2019

Sjukepleiar 81,88% vikariat på natt for Voss Sjukeheim

  • Voss Sjukeheim

Stillingsbeskrivelse

Voss Sjukeheim

5704 VOSS

Voss - bygd for sterke opplevingar Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Kommunen har om lag 14.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss kommune er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1250 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i kommunen. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.

Sjukepleiar 81,88% vikariat på natt

Heimesjukepleien sone vest


Område Vest, avdeling heimesjukepleien søkjer deg som er sjukepleiar. Er du positiv, engasjert, sjølvstendig samtidig
som du likar å arbeide i eit team, har me ledig eit vikariat på 81,88% stilling som sjukepleiar på natt i eit år med moglegheit for forlenging.

Personlege eigenskapar vert lagt stort vekt på.

Intervju kan verta gjort fortløpande.

Om arbeidsstaden


Heimesjukepleien sone vest er ei av 6 avdelingar som ligg under Område Vest.
Me har vår base i 1. etg på Voss Sjukeheim. På dag/kveld/helg har me ansvar for heimebuande i vårt område. På natt
server me heile kommunen.

Du vil få trivelege og dyktige medarbeidarar!
Du vil vere ein viktig medspelar i arbeidet med brukarane våre.

Arbeidsoppgåver

  • Hjelpe våre brukarar med stell og pleie i deira eigen heim
  • Medisinhandtering
  • Tverrfaglig samarbeid
  • Utarbeide og oppdatere tiltaksplaner i gerica

Me søkjer sjukepleiar


Me ynskjer oss deg som er engasjert og trivst med å arbeida både på eigehand og i team. Har du "stå på vilje",
engasjement og eit ynskje om å hjelpe andre, er dette rette plassen for deg!

Du må:
  • Ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Kjennskap til journalsystemet Gerica er ein fordel
  • Samarbeidsevne, god arbeidskapasitet, vere ny tenkjande og løysingsorientert
  • Vera trygg i rolla og fagleg dyktig
  • Vera fleksibel

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Me tilbyr

  • Spennande og utfordrande stilling i ein kommune i utvikling
  • Eit trivelig arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • God oppfylging og rettleiing av fagpersonell
  • Årsturnus
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad


Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

Se annonsePAM

Stillingsnummer: 1235-2019-07-36 (Oppgis ved kontakt med NAV) Kilde: Overført fra PAM annonsemottak
Medium: Webcrawl

Stillingstittel

Oversykepleier

Navn på Etat/Enhet

Voss Sjukeheim